Melorama 2019

Melorama logo.jpg

8. utgåve av framandspråkkortfilmfestivalen MELORAMA, og 4. året med superfinale - med gjestar frå andre skoler. Tema for årets festival var "Leidenschaft/Pasión", og her var mykje kjensler i filmane og under prisutdelinga. Den tyske "Der Verfolger" vart kåra til beste film i den lokale finalen, og vann dei gjeve og eksklusive gullpennane.

Tysdag 4. juni kom gjestar frå Katedralskolen, Malvik vgs og Charlottenlund vgs med sine filmar for å tevle om heider og ære mot vinnarfilmane frå Melhus. Eksterne kapasitetar var henta inn som jury: Inghild Flaate Høyem og Gro Nygård frå NTNU, og filmentusiast Stein Ludvigsen. Denne gangen var det også ein tysk film frå Melhus som vann den gjevaste prisen som årets film: "Meine Leidenschaft" (Malin, Sunniva, Silje, Frida, Hannah). 

Resultat, lokal finale

Beste film: "Der Verfolger" (Bård, Nora, Rikke, Kirsten. Kirsten fekk også pris for "beste skodespelar")

Publikumsprisen: "Champions League" (Kim Andre, Henrik, Petter, Mahdi. Mahdi vann også kategorien "beste birolle")

Beste spanske film: "Cuando llegue la esperanza" (Olav, Mari, Kristine, Rune, Sarah, Thea)

Beste tyske film: "Meine Leidenschaft" (Malin, Sunniva, Silje, Frida, Hannah)

Juryens ærespris: "Pasion por la familia" (Ingvil, Sara, Even, Henrik)