Håkon Bleken - Veslemøy

Håkon Bleken - Veslemøy
Håkon Bleken - Veslemøy, Litografi, 1993

Veslemøy, dikt av Arne Garborg

Ho er mager og myrk og mjaa
med brune og reine Drag
og Augo djupe og graa'
og stilslegt, drøymande Lag.

Det er som det halvt um halvt
laag ein Svevn yvi heile ho;
i Rørsle, Tale og alt
ho hev denne døyvde Ro.

Under Panna fager men laag
lyser Augo som att-um Eim;
det er som dei stirande saag
langt inn i ein annan Heim.

Ho gjeng aat sin Omnskraabenk
og set seg, men veit det knapt,
og tek denne Mjølkeskjenk
og sit der roleg fortapt.

Berre Barmen gjeng sprengd og tung,
og det bivrar um Munnen bleik.
Ho er skjelvande sped og veik,
midt i det ho er ven og ung.

Plassering: Møterom 150

Sist oppdatert 10.01.2024