Nynorskveka

I veke 9, 26. februar – 1. mars

Nynorskveka blir gjennomført i veke 9. Norsklærarane Karin Ryen og Ida Lovise Bøe har i samarbeid med Mållaget lagd eit skikkeleg solid opplegg rundt nynorsk som sidemål. Lærarane i norsk, historie og religion på Vg3 studieforebuande, står for det faglege innhaldet på skulen, mens Mållaget tek seg av arrangement til dømes på Kulturhuset, og dei bidreg i vesentleg grad til den økonomiske sida av saken.

Måndag 26. februar kl. 18.00 går det opne og gratis arrangementet "Nynorskveka: Inspirasjonskveld" føre seg på Steinkjer Kulturhus. Billettar kan de reservere på Facebooksida til Steinkjer bibliotek. Arrangementet rettar seg i første rekke mot norsklærarar på ungdomsskule og vidaregåande skule.  

Fagleg inspirasjonskveld med ny nynorsk litteratur

På tysdag 27.februar er det eit litterært pusterom  - Nynorskveka spesial - frå klokka 11.30-13.30 på Steinkjer bibliotek i Steinkjer kulturhus