Biblioteket

Velkommen til vårt fine skolebibliotek! Her kan du treffe andre elevar, spele brettspel, jobbe med skolearbeid og få lesetips. Det hender seg rett som det er at her er konsertar også.
I biblioteket finn du bøker, filmar, aviser, tidsskrift, brettspel, kopimaskin/skrivar, leseplassar og små gruppebord. Lånetida er ein månad for dei fleste bøker, og ei veke for filmar. Dersom du vil låne bøker som finst på andre bibliotek, hjelper vi deg gjerne med fjernlån. Om du lurer på noko i samband med fordjupingsemnet, hjelper vi deg gjerne med det.
Biblioteket låner ut lærebøker til elevar etter at du har akseptert reglane for å låne læremiddel. Det digitale elevbeviset ditt (pocket-id) fungerer som lånekort. Vi vil at du som er elev skriv namn, klasse og skoleår i lærebøkene du låner, og at du har bøkene i låst bokskap når dei ikkje er i bruk. Du er ansvarleg for låna dine. Lærebøker som ikkje vert levert før fristen - som er siste skoledag før sommarferien - må du erstatte. Prisen er det ei ny bok kostar..
Søkje etter bøker frå andre bibliotek
Nasjonalbiblioteket (digitaliserte bøker, tidsskrift, aviser, bilete og film på "Bokhylla")
Informasjonssøk, kjeldekritikk og kjeldebruk
VIKO (Rettleiing i oppgåveskriving, kjeldebruk, kjeldeføring og kjeldekritikk frå NTNU)
Kildekompasset (mykje av det samme som over)
Fordjupingsemneservice
Her kan du finne temaframlegg, idear og skrivetips til mellom anna fordjupingsemnet i norsk, men også saker som er nyttige i anna skolearbeid. Og ikkje minst: Lesetips!
Deichman bibliotek fordjupingsemnesider
Ordbøker og leksikon
Nynorskordboka/Bokmålsordboka UIB
Duden (tysk)
Allkunne (nynorsk nettleksikon)
Framandspråk og engelsk
Norsk
Samfunnsfag
Kildenett (Historisk kjelde- og kunnskapsbase for Trøndelag)
Digitalarkivet (scanna kyrkjebøker, folketeljingar og mykje anna på nett)
Norgeshistorie.no (god netthistoriebok frå UIO)
Realfag
Offentleg informasjon
ODIN Ei elektronisk informasjonsteneste frå regjeringa og departementa.
LOVDATA Noregs lover online. Lovdata er Noregs einaste generelle elektroniske rettslege informasjonssystem.
Norge.no Portalen skal hjelpe brukarane til å finne fram til alle offentlige tenester og informasjon som ligg tilgjengeleg.
SSB Statistisk Sentralbyrå gir offisiell statistikk om det norske samfunnet.