Dette sier juryen:
"Fylkesbiblioteket er særleg nominert for arbeidet som har blitt lagt ned for samisk språk generelt og sørsamisk språk generelt. Dette er av stor og livsviktig betydning for for dei små samiske språka i Sapmi. Dei har ved fylkesbiblioteket i Trøndelag utvida oppdraget sitt til å drive med språkreddingsarbeid til stor inspirasjon for både språkinteresserte, bibliotek, samiske språkmiljø, samiske lesarar og komande samiske lesarar. I dette arbeidet samarbeider fylkesbiblioteket tett med språkbrukarar, tolkar, forlag og samiske miljø på ein heilt unik måte. Materialet blir tidvis presentert på ein interaktiv måte slik at ein skaper interesse blant den sørsamiske befolkninga og andre interesserte. Særleg har det vore viktig å nå dei minste som skal vere dei framtidige brukarane av dette utsette språket. Dette arbeidet passar særleg godt inn i FN sitt år for urfolksspråk. Dette er eit arbeid i verdsklasse."