Open utlysing: DKS Littlab i Trondheim 27.–29. april

Bilde av barn som rekker opp handa i forbindelse med  «Dinosaurer – Hva tror du?» med Pia Tveterås.
Fotograf Trine Grønningen/Kulturtanken. Bildet er fra produksjonen «Dinosaurer – Hva tror du?» med Pia Tveterås.

Ønsker du å bli ein betre formidlar og å gi barn og unge ein god litterær oppleving? Har du ein litterær idé eller eit opplegg du ønsker å utvikle? Da kan du søke om å bli deltakar på DKS Littlab.

Open utlysing: DKS Littlab i Trondheim 27.–29. april

Søknadsfrist: 27. februar 2026

DKS i Innlandet, Møre og Romsdal, Trondheim og Trøndelag inviterer til ei samling for utvikling av litteraturproduksjonar for Den kulturelle skolesekken. Deltakarane må sette av tre heile arbeidsdagar, 27.-29. april 2026. Desse tre dagane skal vi jobbe saman i Trondheim. Deltakarane vil få hjelp til å spisse idear, velje metodar, utvikle formidlinga, beskrive prosjekta og komme langt på veg mot ein ferdig DKS-produksjon. I Littlab blir du del av ein utviklingsprosess der du vekslar mellom sjølvstendig arbeid og arbeid i gruppe, der du både får og gir tilbakemeldingar. Mot slutten av samlinga testar vi heile eller deler av produksjonane på elevar i aktuelle aldersgrupper.

Vi ønsker søknader frå både forfattarar, formidlarar og andre utøvarar. Litteraturproduksjonar kan ta utgangspunkt i bøker, forfattarskap, forteljingar, illustrasjonar, bildebøker og teikneseriar, eller kanskje noko anna? Det kan vere både din eigen eller andre sin litteratur. Og både helt nye idéar eller produksjonar de vil vidareutvikle. Formidlinga kan ha mange former, også på kryss av andre kunstformer.

Vi legg opp til at produksjonane vi arbeidar med på Littlab, kan bli melde inn i DKS-portalen hausten 2026.

Dette må du ha med i søknaden

  • Ei beskriving av idéen din til formidlingsopplegg.
  • Korfor du søker – kva ønsker du å få ut av Littlab?
  • Korleis ønsker du å utvikle deg som formidlar?
  • Kva for målgruppe/aldersgruppe du ønsker å nå – og korfor akkurat den?
  • Relevant CV.

Vi oppmodar deg til å legge ved ein kort video der du presenterer deg sjølv og prosjektet ditt.

Du må ha regional tilknyting til anten Innlandet, Møre og Romsdal eller Trøndelag for å bli med på Littlab i Trondheim.

Praktisk

Alle deltakarar får dekt reise, diett og overnatting.

Alle deltakarar blir honorerte med DKS-dagshonorar (kr 6073) for dagane vi jobbar saman i Trondheim, til saman kr 18 219 for tre dagar.

Om det er behov for ytterlegare arbeid med produksjonen i etterkant, vil det òg bli honorert med inntil 10 arbeidstimar.

Søknadsfrist: 1. mars 2026

Utvalde deltakarar vil bli kontakta seinast i veke 12, 2026.

Alle spørsmål rundt utlysing og DKS Littlab kan rettast til Håvard Nervik, fagansvarleg litteratur i DKS Innlandet, anten på e-post  eller telefon 900 44 840.

Søk her

[legg inn lenke]

 

Les meir om litteratur i DKS på Den kulturelle skolesekken si nettside.

Les om tidlegare DKS Littlab på Kulturtanken sine sider.

Sist oppdatert 30.01.2026